Treningsbransjen elskar engelsk - bt.no
  • KAOS: - Ser me på det enkelte ordet for seg sjølv, taper me ikkje noko på å bruka engelsk, og me har mange låneord frå før. Men jo fleire engelske ord, særleg dersom du held på den engelske uttalen, jo mindre brukbart vert orda innanfor det norske språket. Det lar seg ikkje bøya utan vidare, og språket vert stivt, seier språkdirektør Arnfinn Muruvik Vonen.

    FOTO: TEIKNING: Emil Sommerfeldt.

Treningsbransjen elskar engelsk

Kvifor "spinning" og ikkje "sykling"?

Språkdirektør Arnfinn Muruvik Vonen meiner treningsindustrien kan tena økonomisk på å byta ut "spinning" med "sykling" og "weight loss" med "vekttap".

- Eg ser ikkje bort frå ein økonomisk gevinst, for då kan ein nå kjøpargrupper som reagerer meir positivt på norsk enn engelsk. Med meir norsk språkbruk ville treningssentera kanskje fått enklare tilgang til eldre kundar, seier Vonen.

- Heilt unødvendige

Treningsverda får sine impulsar frå heile verda, men først og fremst kjem dei nye konsepta frå engelskspråklege land. Dermed går folk rundt og trenar "spinning", "aerobic" og "push ups". Og skal dei ned i vekt, kan treningsstudioa tilby konsept som gir deg "weight loss", ekstra høg "pulse". Eller dei lover at du skal brenna vekk 500 "calories".

- Sjølv om det reint språkleg ikkje skulle vera noko i vegen for å bruka norske ord, så vert dei engelske orda knytt så sterkt til dei konkrete treningsformene, at det krev litt energi å leggja bort dei engelske orda. Sjølv om dei er heilt unødvendige ettersom vi har gode norske ord, seier leiaren for Noregs språkråd.

- Har kanskje eit poeng

Dei to største treningskjedene, Sats og Elixia, er storforbrukarar av engelsk. På timeplanane tilbyr dei konsept som "Cycling", "Shape", "PowerStep", "Cardio Combat" og "Tease Dance".

- På Sats har vi svært mange medlemmer over 60 år, og talet er aukande. Vi trur aldersgruppa på rundt 60 år på mange måtar er "yngre" enn tidlegare. Dei reiser mykje og let seg ikkje skremma av engelske ord og uttrykk, seier Lars-Einar Petterson, Nordic PR Manager i Sats.

Erik Frydenberg, direktør finans i Elixia, trur Vonen kan ha noko rett i at eldre kan kjenna seg framandgjorde på treningssenter som brukar mykje engelsk.

- Språkdirektøren har kanskje eit poeng, men den eldre befolkninga er ikkje ei homogen gruppe, seier Frydenberg.

Demokratisk verdi

Alt tyder på at trening vert endå viktigare i framtida skal Noreg unngå at livsstilssjukdomar vert regelen framfor unntaket. Dette kan vera eit argument for at folk i Noreg bør kunna snakka om trening på norsk, meiner språkdirektøren.

- Språkrådet verken ønskjer eller har ressursar til å laga norske termar for alt. Vi set inn våre krefter der det er snakk om fagfelt der det er avgjerande at flest mogleg kan vera å med og diskutera. Emne som det er av demokratisk betydning at vi kan ha ein felles offentleg samtale om, der er det viktig at vi har ein norsk terminologi.

- Kanskje burde det vore ein breiare debatt om trening og treningsopplegg. Slik det er no vil debatten lida under at det er mykje engelsk terminologi, meiner Vonen.

- Engelsk er meir praktisk

Pettersson i Sats seier mange treningsord og -uttrykk har festa seg i språket utan at treningsbransjen har kunna gjera så mykje med det. Mange klassar og gruppetreningstimar har merkevarebeskytta engelske namn. For Elixia sin del er det eit poeng at timane kan heita det same i alle landa dei operer i, Noreg, Sverige og Finland.

Utdanninga dei som arbeider på treningssenter har, påverkar også språket som vert brukt.

- Idrettsutdanninga er basert på engelske bøker, og det gjer at vi får eit godt engelsk ordforråd. Det er rett og slett meir praktisk med engelsk. Dette er det same i andre bransjar også, som økonomibransjen og oljebransjen, seier Frydenberg.

Betre omdøme

Språket er i stadig endring, og språkdirektør Vonen viser til at 40–50 år gamle avistekstar er fulle i engelske ord som vi i dag har norske alternativ til. Treningsbransjen er ganske ny, og det er mogleg å tenkja seg at ein i framtida vil ha fleire norske treningsord enn i dag. Men for at det skal skje må både treningsbransjen og folk flest ta ansvar, seier Vonen.

- Ord må vera veldig bra skal dei slå gjennom. Dei må vera korte, velklingande og gjerne ha rim. Kven som helst kan koma på nye ord. Er det godt nok, så vil det spreie seg.

- Dersom næringslivet klarer å laga norske versjonar av ord, utan at produkta vert mindre trendy, kan dei få seg nokre positive overraskingar med tanke på at folk vert endå meir trygge på produkta. Ein kjem nærare på forbrukarane når ein nyttar morsmålet, og omdømet vert betre.

KOMMENTARER Våre regler

Fakta

Slik brukar vi ord

Lånord frå engelsk og andre språk kan få sin plass i det norske språket hovudsakeleg på tre måtar.

1. Originalen vert brukt vidare.

2. Ordet får norsk skrivemåte og uttale. Strømming i staden for streaming.

3. Eit heilnorsk alternativ slår an. Minnepinne i staden for memory stick.

Mest lest på Sprek

Dette deler våre lesere på Facebook: