- Folk føler at dei gjer ei bragd

Kristen Skjeldal meiner folk får i pose og sekk under Kvasshovden Opp laurdag.

Kvasshovden opp vert arrangert i Ulvik i helga (laurdag 16. juli). Løpet som går frå Ulvik sentrum til toppen av Kvasshovden har tidlegare vore politikar-NM. I år er det skikkeleg motbakke-NM. Men vanlege folk kan også få seg ei flott oppleving dersom dei ønskjer å bruka ein dag i sommarferien på aktivitet.

- Det er veldig kjekt å gå opp Kvasshovden også for dei som deltek i trimklassen. Folk føler at dei har gjort ei bragd når dei har kome seg opp, seier Sprek-ekspert, tidlegare langrennsløpar og motbakkespesialist Kristen Skjeldal.

Skjeldal er sjølv ein av dei som kan gjera det skarpt under NM, og omtalar seg sjølv som ein ambassadør for motbakkeløp. Skjeldal meiner 7,5 kilometer lange Kvasshovden opp frå Ulvik sentrum (10 moh.) til Kvasshovden (1030 moh.) kanskje er det finaste motbakkeløpet i Noreg.

- Kjempegod trening

- Eg synest det er det finaste løpet viss du ser på sjølve løypa. Den byrjar ved fjorden, går gjennom sentrum, så via gardsvegar forbi tunet til Lars Sponheim, før det er vegar og flotte stiar gjennom skogen før det opnar seg med nokre stølar opp mot toppen.

- Det er flott både for dei som går tur og dei som spring fort. Utsynet over fjorden og Ulvik er nydeleg, seier Skjeldal.

Det er sagt mykje positivt om motbakkeløp som eksepsjonelt god trening for hjartet. Skjeldal, som var den som hadde ideen til å arrangera motbakkeløp i Ulvik, stiller seg bak det.

- Motbakkeløp er kjempetrening og gir belastning på hjarte- og lungekapasiteten. Utfordringa er når du skal ned att. Mi tilråding er at folk går ned i staden for å springa. Det gjer eg. Då vert belastninga mykje mindre på kne og muskulatur og eg sparar meg for mange dagar med gangsperr og tung muskulatur.

Siste året utan kraftmaster

Ein annan motbakkeentusiast, Dag Lindebjerg, skal vera kommentator på toppen av Kvasshovden under løpet. I tillegg vert det web-overføring til startområdet og direktesending på Radio Folgefonn. På kvelden vert det kulturarrangement der Frikar skal opptre. 80 funksjonærar bidreg for å få løpet til. For å setja det talet i perspektiv kan det nemnast at Ulvik IL har 400 medlemmar, og at det bur 1100 menneske i Ulvik.

Leiar for Kvasshovden Opp, Johan Børsheim, omtalar laurdagen som ein superlaurdag i Ulvik. Han håpar på like bra oppmøte som tidlegare år.

- Me har hatt rundt 500 på toppen med konkurranse og trimklassen. Håpar me kan verta 500 på topp i år også, og 300 på toppen.

Årets Kvasshovden Opp vert noko spesiell. Neste år vil dei mykje omtalte kraftmastene i Hardanger gå over løypa.

- Dette er siste året utan kraftlinjer som skjemmar traseen. Slik sett er det spesielt. Me hadde klart oss utan dei kraftmastene, seier Børsheim.

Fleire satsar på motbakkeløp

Konkurransen mellom dei som kjempar om NM-tittelen i Ulvik i helga hardnar til. Ifølgje Skjeldal er det fleire og fleire som no satsar på motbakkeløp. Tradisjonelt har motbakkeløp vore noko utøvarar frå andre idrettar har drive med på si.

- Slik er det til ein viss grad framleis, men me har fått ein gjeng som satsar på motbakkeløp. Det gjer at det har vorte endå tøffare å hevda seg, seier Skjeldal.

Etter kvart meritterte Thorbjørn Ludvigsen og May Britt Buer er mellom dei som verkeleg satsar på å vera best oppover.

Buer har rekorden for kvinner i Kvasshovden Opp (56.39). Øyvind Heiberg Sundby har rekorden for herrar (47.45). Begge stiller under årets løp.

Børsheim håpar på skarp konkurranse om NM-tittelen, men først og fremst håpar han på ein folkefest i Ulvik.

- Dei som vil kan få både ein fysisk aktivitet, ei kulturell oppleving, ei naturoppleving og fantastisk utsikt under Kvasshovden Opp.

Norgescupen i 2011 består av fem løp. Ulriken Opp (21. mai), Hovlandsnuten Opp (4. juni), Storehesten Opp (25. juni), Kvasshovden Opp (16. juli) og Oslos Bratteste (21. oktober).

May Britt Buer og Thorbjørn Ludvigsen toppar motbakkecupen etter tre løp.

KOMMENTARER Våre regler

Relaterte bilder

VETERAN: Ikkje mange er betre enn Kristen Skjeldal (44) når det er snakk om motbakkeløp. Skjeldal håpar fleire og fleire får augene opp for sporten.

VETERAN: Ikkje mange er betre enn Kristen Skjeldal (44) når det er snakk om motbakkeløp. Skjeldal håpar fleire og fleire får augene opp for sporten.

Mest lest på Sprek

Dette deler våre lesere på Facebook: