Heilt på grensa - bt.no
  • OPP: Håvard Lorentzen og Sverre Lunde Pedersen (bak) på veg opp Tysso Via Ferrata.

Heilt på grensa

Her testar skøytelandslaget høgdeskrekken.

Skøytelandslaget har gitt seg i kast med Tysso Via Ferrata med bt.no rett bak.

- Eg har aldri gjort noko slikt som dette. Å klatra i lause lufta er spesielt, seier allroundløpar Sverre Lunde Pedersen.

Ein Via Ferrata - jernveg - er ei tilrettelagt form for fjellklatring. Alle som er i brukbar form kan gjennomføra – viss dei tør. For det er psyken det kjem an på. Frå den gamle kraftstasjonen i Tyssedal går løypa opp langs røra fossen ein gong rann gjennom. No går vatnet gjennom ein tunnel til ein meir moderne kraftstasjon.

Først klatrar vi opp på den vesle jernbana som ligg ved sidan av røra. Her kan ein berre ana kor utfordrande det må ha vore for rallarane som la fossen i rør heilt på byrjinga av 1900-talet. Dei var ikkje like heldige som vi er denne dagen. Vi er heile tida sikra med ein stålwire.

35 meter rett ned

Straumen som gjorde at Tyssedal hadde industrikraft nok, vart betalt for med livet til dei arbeidarane som fall i avgrunnen.

Men dei som deltek på denne turen er trygge. Sjølv når ein vert utfordra til å rappellera, 35 meter nedover langs fjellsida.

Så held turen fram med klatring opp langs jernbana, før ein vert beordra nesten ut i lause lufta. Berre ein stålwire og nokre stigbøylar i fjellet held oss oppe.

Til slutt er vi oppe. Utsikten frå Lilletopp, 400 meter over Sørfjorden, kan nytast.

Landslagssjef Jarle Pedersen er nøgd med utbyttet frå dagen.

-  Dette var spektakulært. Nokon har vore over grensa si når det gjeld høgdeskrekk. Men det er jo også noko av meininga med å gjera noko slikt som dette.

Fleire turistar

Odda satsar bevisst på aktiv turisme der folk kan få mosjon og trening i ferien. Det har ført til dobling i talet på turistar, frå 9000 til 18.000.

- Tidlegare har det vore fokus på eple, morellar og fruktbløming. Avslapping og lading av batteria. No seier vi: «Kom til Hardanger og få ei oppleving», seier Jostein Soldal, dagleg leiar i aktivitets-bedrifta Opplev Odda.

Opplev Odda er ei av fleire verksemder i regionen, som er starta dei siste åra, som driv med aktiv turisme. Totalt kan Odda-regionen gi 200–300 turistar pr. dag opplevingar som padling, rafting, breturar, klatring langs den rørlagde fossen i Tyssedal (Via Ferrata), overnatting i villmarkscamp.

- Vi har hatt ein formidabel auke. Det har skjedd fordi vi bevisst har satsa på å marknadsføra oss med natur og aktivitet. Allereie no ser vi at det vil verta endå meir travelt i sommar, seier Bjørkevoll.

Vekstnæring

Bjørn Moholdt, redaktør i bladet Reiser & ferie, trur aktiv ferie er ei vekstnæring. Reiser & ferie har nyleg i ein artikkel spådd «helseferie» som ein av ti ferietrendar som vil prega 2011.

-  Det er ein internasjonal trend med aktiv ferie. Folk er meir reisevante enn før, og er ikkje lenger fornøgde med å berre liggja og kikka på sola. No er det til dømes slik at mange hotell har eigne joggeruter. Folk ønskjer å vera aktive, seier Moholdt. Han trur Noreg har eit konkurransefortrinn framfor mange andre land når det gjeld aktiv ferie.

- Noreg har kanskje den beste råvara av alle med de flotte naturen. Men den store akilleshælen er at vi ikkje er flinke nok til å selja produktet, seier Moholdt.

Japansk TV og Newsweek

Det å vera i form er tidsriktig. Oddas satsing på aktivitet i ferien har vore så interessant internasjonalt at mellom andre eit japansk TV-team, Newsweek og indiske filmmakarar har vore på besøk.

Odda er også spesielt med fjell og fjord kombinert med spektakulær og i somme tilfelle skjemmande industri.

- Vi har ikkje bløming i Odda, men vi har industrien. Derfor må vi finna ein annan veg. Vi har også sett at kombinasjonen av industrihistorie og natur gjer at vi treff breiare grupper, seier Soldal.

Tidlegare turistgigant

Siste halvdel av 1800-talet var Odda eit viktig turistmål, kanskje Nord-Europas best besøkte i 1904. I det året skal det ha vore 1200 turistar på 84 skip i Odda. På den tida var det 11 hotell i Odda, mot dagens tre.

- På turistkart ute i Europa på den tida var det Oslo, Odda og Tromsø som var merkt av på kartet, seier Soldal.

Turistar kom, mange av dei frå Storbritannia, for å oppleva Folgefonna, foss, fjell, fjord og vatn. Så vart vasskrafta utbygd i Tyssedal i 1906, og Odda vart eit nav i Noregs industrihistorie. Når ein no er tilbake til å selja Odda som eit turistmål med opplevingar som innbyr til aktivitet og mosjon, er på mange måtar ringen slutta.

- Reiselivet i Noreg starta på 1800-talet med folk som kom frå England for å nyta fjord og fjell, seier Moholdt.

- Vatn er grunnen til at vi er her i Odda. Først turisme, så industri, og så turisme att, seier Soldal.

KOMMENTARER Våre regler

Fakta

Fakta

Fjellklatringstur organisert av selskapet Opplev Odda.

Utgangspunktet for turen er det gamle kraftverket i Tyssedal der ein får omvising.

Turen derifrå går til vakthytta 400 meter oppe. Turen tek rundt fire timar.

Det finst også andre variantar av turen. Til dømes til Trolltunga og Preikestolen som minner om Preikestolen i Rogaland.

Kart

Mest lest på Sprek

Dette deler våre lesere på Facebook: