Motbakkedronningas ti favoritturar - bt.no
  • MOTBAKKEDRONNING: May Britt Buer (til v.) er for tida regjerande noregsmeister og noregscupvinnar i motbakkeløp. Her er ho ved sidan av Mari Fasting på toppen av Stoltzekleiven.

    FOTO: BT

Motbakkedronningas ti favoritturar

Det ligg an til at 40.000 deltakarar kjem til å delta i minst 150 motbakkeløp i år. - Det finst ikkje betre trening for hjartet enn motbakkeløp, meiner May Britt Buer.

May Britt Buer frå Buerdalen utanfor Odda er regjerande noregsmeister i motbakkeløp og ho vann Noregscupen i fjor. No har ho vald ut sine ti favorittmotbakkeløp i Hordaland og Sogn og Fjordane, til glede for Bergens TIdendes lesarar. I går starta motbakkesesongen for alvor, då noregscupen opna med Ulriken Opp.

Sidan Buer var tre-fire år har ho gått turar i fjellet til stølen opp mot Folgefonna. Heile livet har ho gått i fjellet.

- Det var naturleg for meg å byrja med motbakkeløp då eg skulle velja ein idrett, seier den 33 år gamle motbakkedronninga som har fleire motbakkerekordar.

Buer meiner det ikkje finst betre treningsform for hjartet enn motbakkeløp.

- Det er ein fantastisk måte å trena på. For å byggja kondis og å trena hjartet fins det ikkje noko betre. Du treng ikkje springa, i motbakke trenar du også kondis når du går. Du kan også køyra intervall. Stavar kan du også gjerne bruka, då aukar kaloribruken, seier Buer.

Ein er også mindre skadeutsett når ein trenar kondis i motbakke i staden for på flat mark, meiner Buer.

- Eg trenar ein del flatt også for å få litt fart i kroppen, men då kjenner eg med ein gong småting som murrar i kroppen. Det skjer ikkje når eg spring i bakkar. Kroppen har mykje betre av motbakkeløp enn flat asfalt. Motbakkeløp er nesten skadeførebyggjande. Du styrkar musklar og ledd.

Motbakkebølgja aukar i styrke

Sidan motbakkebølgja for alvor tok til på byrjinga av 2000-talet, har talet på motbakkeløp og deltakarar skote i været. I fjor deltok 36.000 deltakarar i 140 løp.

- I år vil me passera 150 løp med god margin. Den samla deltakermassen kan passera 40.000, seier Christian Prestegård. Han er motbakkeløpredaktør i "Kondis", foredragshaldar og bidragsytar til særs mange motbakkeløp i landet.

- Gjennomgangsmelodien er at stadig fleire firma, organisasjonar, idrettslag og kommunar ser motbakkeløp som den beste måten å marknadsføra regionen på. Entusiasmen er heilt fantastisk, seier Prestegård.

Jostein Hatteberg, leiar i Motbakkeløpsutvalet i Norsk Friidrett og leiar for Nuten Opp, ser det same biletet.

- Entusiasmen er veksande, sjølv om me nok når eit mettingspunkt etter kvart. Det fine med motbakkeløp er at det er viktig for lokalsamfunna og folkehelsa, samstundes som folk får ei flott naturoppleving, seier Hatteberg.

16.000 bergensarar

NRK-profilen Dag Lindebjerg er også motbakkeentusiast og har vore med i gamet sidan starten. Han opererer som speaker på fleire arrangement, mellom anna NM som er Kvasshovden Opp i år.

- Til å byrja med var motbakkeløpa for eit lukka miljø med ein som stod på toppen og tok tida. No har det vorte mykje meir profesjonelt og me har sett ein eksplosjon i talet på deltakarar, seier Lindebjerg. Han synest den store og aukande deltakinga i motbakkeløp er fascinerande.

- Fjella ligg jo der for folk å springa på når dei vil, men arrangement får folk til å gjera fjellturar dei elles ikkje ville gjort, seier Lindebjerg.

Christian Prestegård omtalar Bergen som motbakkehovudstaden. Om lag 16.000 av dei 40.000 som deltek i motbakkeløp i år, er bergensarar, ifølgje Kondis.

Lindebjerg er stolt over den vestnorske motbakkeløptradisjonen.

- I Mellom-Europa spring dei på vegar, men her på Vestlandet går løpa i terreng, og knapt nok der det er stiar. Det er nesten ei eiga idrettsgrein me driv med her på Vestlandet. Eg synest det er sjarmerande, seier Lindebjerg.

May Britt Buers anbefalte toppar

Ulriken Opp

KVAR: Bergen

DISTANSE: 3,6 km. Kortare mosjonsvariant.

HØGDEMETER: 0 moh. til 605 moh.

TIDSBRUK: Tre kvarter i fint tempo frå Montana.

PASSAR FOR: Alle. Den kortare mosjonsvarianten frå Montana er ein fin tur.

KONKURRANSE: I går.

MAY BRITT BUERS VURDERING: Litt utfordrande løype. Flatt til å byrja med, før du kjem i terreng med steinete og ujamt terreng. Vegvalet er viktig i terrenget.

Molden Opp

KVAR: Luster

DISTANSE: 7 km.

HØGDEMETER: Frå 0 moh. til 1116 moh.

TIDSBRUK: To timar i greitt tempo.

PASSAR FOR: Dei fleste. Også for barnefamiliar. Fin sti heilt opp.

KONKURRANSE: 18. juni.

MAY BRITT BUERS VURDERING: Løypa er veldig flott og utan stein. Turen går i fin sti og skogsterreng. Ikkje så veldig bratt. Veldig fin utsikt over Lusterfjorden.

Storehesten Opp

KVAR: Bygstad nær Førde

DISTANSE: 11 km. Kortare mosjonsvariant.

HØGDEMETER: Frå 0 moh. til 1209 moh.

TIDSBRUK: Tre timar for mosjonistar frå Stølshaugane (410 moh.)

PASSAR FOR: Konkurranseklassen krev litt, men det kortare mosjonsløpet passar for alle.

KONKURRANSE: 25. juni.

MAY BRITT BUERS VURDERING: Eit langt løp. Fire-fem km går på asfalt og grus, så kjem du inn i myrterreng som kan vera litt blautt. Til slutt kjem du opp i stein. Kan vera litt snø.

Kvasshovden Opp

KVAR: Ulvik

DISTANSE: 7,5 km.

HØGDEMETER: 10 moh. til 1030 moh.

TIDSBRUK: I overkant av to timer i grei gonge.

PASSAR FOR: Alle

KONKURRANSE: 16. juli.

MAY BRITT BUERS VURDERING: Brukar du god tid er det flott å gå opp med små born. Ingen stup eller stygge parti. Første del går opp langs gardane i Ulvik med romantisk fruktbygdlandskap.

Eggenipa Opp

KVAR: Gloppen

DISTANSE: 4,65 km.

HØGDEMETER: Frå 258 moh. til 1338 moh.

TIDSBRUK: To-tre timar opp.

PASSAR FOR: Dei som likar det ekstra bratt og har litt styrke i beina.

KONKURRANSE: 31. juli.

MAY BRITT BUERS VURDERING: Dette er det brattaste av alle løpa. På slutten ville eg ikkje hatt med meg små born. Me snakkar om ein smal fjellrygg på toppen. Utruleg flott utsikt på toppen.

Nuten Opp

KVAR: Rosendal

DISTANSE: 3,7 km.

HØGDEMETER: Frå 0 moh. til 892 moh.

TIDSBRUK: Rundt eit par timar i turtempo.

PASSAR FOR: Alle. Det er bratt, men ingen skumle parti.

KONKURRANSE: 7. august.

MAY BRITT BUERS VURDERING: Eit bratt løp. Du starter i Rosendal som er ei flott bygd. Flott utsikt over Hardangerfjorden og mange kjende toppar.

Fanaråken Opp

KVAR: Luster

DISTANSE: 8,6 km

HØGDEMETER: 868 moh. til 2068 moh.

TIDSBRUK: Tre-fire timar i mosjonstempo.

PASSAR FOR: Det er eit krevjande løp, og nokre kan kjenna at det er litt tynn luft.

KONKURRANSE: 6. august 2011.

MAY BRITT BUERS VURDERING: Fanaråken er ein spesiell plass å koma opp, ettersom det er den høgastliggjande turisthytta i Noreg på 2200 meter. Utsikt til mange toppar.

Skåla Opp

KVAR: Stryn

DISTANSE: 8,2 km

HØGDEMETER: Frå 28 moh. til 1848 moh.

TIDSBRUK: Du må rekna heile dagen opp og ned skal du gå med familie.

PASSAR FOR: Flott sti, men når du er oppe er det snøskavlar som kan vera litt skumle. Ikkje eigna for dei under 10 år.

KONKURRANSE: 13. august.

MAY BRITT BUERS VURDERING: Dette er eit motbakkeløp som har vore i mange år og har vorte veldig stort. Det er spesielt å byrja ved sjøen og løpa til 1800 høgdemeter.

Vøringsfossrace

KVAR: Eidfjord

DISTANSE: Tre løp. Totalt 40 kilometer.

HØGDEMETER: Totalt 3000 høgdemeter oppstigning, 400 høgdemeter nedstigning.

TIDSBRUK: Dette må du setja av tre dagar til.

PASSAR FOR: Passar for dei som likar å springa langt og likar å ha det litt vondt. Men ein del brukar også tid og gjennomfører det som ein tur.

KONKURRANSE: 9–11. september.

MAY BRITT BUERS VURDERING: Fredagen er det kort og bratt, nesten som Stoltzen. Laurdag går du frå 0 – 1400 meter. Søndag er det halvmaraton. Løypene er fine og godt merka.

Stoltzekleiven Opp

KVAR: Bergen

DISTANSE: 910 meter

HØGDEMETER: Frå 65 moh. til 379 moh.

TIDSBRUK: Pluss minus 20 minutt, alt etter form.

PASSAR FOR: Alle

KONKURRANSE: 23–24. september.

MAY BRITT BUERS VURDERING: Løpet spesiell ettersom den er så kort og bratt, og er ein folkefest i seg sjølv. Det er bratt og du må jobba med psyken for å gjera eit godt løp. For å vera god må du tola mjølkesyre.

KOMMENTARER Våre regler

Fakta

fakta

May Britt Buers rekordar:

Ulriken Opp: 28.51

Molden Opp: 59.05

Storehesten Opp: 1.21.39

Kvasshovden Opp: 56.39

Eggenipa Opp: 58.23

Nuten Opp: 44.23

Fanaråken Opp: 1.11.13

Skåla Opp: 1.27

Vøringsfossrace: Dag 1: 38.02, dag 2: 1.58, dag 3: 2.16.52

Stoltzekleiven Opp: 10.51

Dette deler våre lesere på Facebook: