Ta ein tur nordover! - bt.no

Ta ein tur nordover!

Namnet åleine gjer det verdt ein tur, men har denne staden noko med glede å gjere?

Turen går til: Gladihaug

Kva er bra med denne turen?Gladihaug er høgdedraget som kneisar rundt og medgjerleg nord for Knarvik. Namnet åleine gjer det verdt ein tur, men Gladihaug har meir med seg enn det. Forresten har ikkje namnet så mykje med glede å gjere, kanskje snarare det motsette. Gladihaug er haugen som sola går ned bakom for dei som bur nede på Leknes, og slik er glad-delen av namnet i dette tilfellet ein referanse til solnedgangen (soleglad). Frå toppen er det vide utsyn i alle retningar, men særleg sørover mot Nordhordlandsbrua, Byfjorden og byen er det vakkert på klåre dagar.

Korleis kjem eg meg dit?Hopsdalen er det beste utgangspunktet for turen til Gladihaug. Dit kjem du deg enklast med privatbil. Køyreturen tek eit lite kvarter frå Knarvik. Du tek av mot Leknes, kryssar E 39 på bru og svingar deg oppover dalføret. Det er parkeringsplass øvst oppe. Frå parkeringsplassen tek du ut i terrenget på kjerreveg, så følgjer du ryggen frå aust mot nordvest oppover mot toppen. Ein grei rundtur får du om du held fram vestover frå toppen før du svingar mot aust nedover mot gardane att. Frå Gladihaug kan du også gå vidare vestover og koma ned på Seim om du ikkje har bil som du må attende til.

Kor lang tid tek det? Rundturen treng ikkje ta meir enn eit par, tre timar, men på fine dagar er det freistande å drøya heimturen. Legg gjerne turen innom dei gamle torvhusa ved kanten av myra vest for toppen.

Kven passar turen for? Alle som er i stand til å ta seg fram på stig, klarer å gjennomføra denne turen. Også born vil ha glede av rundturen. Parkeringsplassen ligg på om lag 200 meter over havet, toppen 231 meter høgare, så stigningane er moderate. På toppen kan det vera vêrhardt, særleg på vinterstid. Det er rydda ei skiløype til toppen, men den følgjer ei anna rute.

Er det nødvendig med utstyr? Gode klede, nistepakke og drikke er alltid lurt å ha med på tur. Men det er ingen grunn til å pakka tungt, iallfall ikkje på sommarstid. Skulle vêret bli vrangt, er det fort gjort å ta seg ned att til folk.

Kart: Turkart Lindås - Radøy 1:50.000.

Har du gått denne turen? Har du andre fine turar du vil tipse om?

KOMMENTARER Våre regler

Mest lest på Sprek

Dette deler våre lesere på Facebook: