Berre ei kleiv
Kvifor dette sjukelege fokuset på Stoltzekleiven, spør Knut Langeland. Sei di mening.
Les også:
Knut Langeland er journalist og kommentator i BT
FØR VAR EI KLEIV ei kleiv. Dusinvare her på Vestlandet. No har vi visst berre Stoltzekleiven.
Sist eg kleiv denne kleiva under Sandvikspilen, gjekk eg meg vill. Skar ut i blåbærlyngen og inn i ei kraftgate eg aldri kom meg ut att av.
Eg går visst ikkje Stoltzen ofte nok.
Det slår meg denne helga då tusen på tusen av bergensarar og tilreisande har utfordra seg sjølv og kvarandre dei 300 høgdemetrane frå Fjellveien og opp, at det er visst fleire som går seg vill i Stoltzekleiven.
Eller meir presist: Vill i sitt eige hysteri. Stoltzekleiven, med all si gru og smerte, blir ein mani. Meir enn nokon gong har vore konge av Stoltzen, blir Stoltzen sjølv konge.
DET ER PÅ EIN MÅTE kjekt, men på ein annan måte litt dumt. Kjekt dersom Stoltzekleiven er motivasjonen til å koma seg ut, dumt dersom Stoltzekleiven skuggar for alle dei andre kleivane og liene og fjellsidene vi har å kliva.
Det går ein straum opp Stoltzekleiven denne helga. Frå tidleg morgon til skumringa trykkjer seg ned over Sandvikspilen. Men det går ein straum opp Stoltzekleiven også på kvardagar. Frå Fana og Arna og Askøy og Åsane og Sotra og Osterøy kjem folk køyrande i bilane sine for å utsetja kroppane sine, spreke eller skrøpelege, for Stoltzekleiven. Endå dei har brukande nok motbakkar like utanfor gatedøra si. Og endå dei har klima og svevestøv og astmasjuke å tenkja på.
EG UNDRAST KVA DET ER med Stoltzekleiven. Kva skuldast denne tiltrekkingskrafta? Som vinn over fornuft, som nedkjempar motførestellingar, som pirrar pyser og machomenn og husmødrer og utdrikkingslag til pinsler og askese.
Andre motbakkeløp må slåst for ein notis i avisa på førehand. Og resultatlista finn du som regel berre på nettet. Stoltzekleiven får side opp og side ned, på nett og papir, dag ut og dag inn. Reportasjar og grafikk, intervju og historikk. Og mest absurd av alt: Gode råd om korleis du best taklar Stoltzekleiven. Alt frå disponering av krefter, til detaljerte kosthaldstips, til sko og klede. Ekspertane fortel.
Artikkelen fortsetter under videospilleren...
SOM OM STOLTZEKLEIVEN var ein ekspedisjon, eit vågestykke, ein heltedåd i Nansens ånd, som det er høgst usikkert om du vil koma ifrå med livet, og iallfall helsa, i behald.
Unnskyld meg, men det får no vera måte på. Til Sandvikspilen og forbi kjem du deg normalt utan ekstra oksygen i sekken, du treng ikkje ein gong ha sekk. Toppen ligg 379 meter over havet. Dei fleste av oss toler godt det tidobbelte.
Det kan svi i låra, du kan hiva etter pusten, og somme spyr, men etter fem minutt er du nett like fin att.
Bratt er Stoltzen, det er sant, men strevet er unnagjort på ti minutt om du er sprek, på ein halvtime om forma er skral.
DET ER FAKTISK lite og ingenting ved sjølve løpet som rettferdiggjer det nesten sjukelege fokuset på kor ekstremt det liksom skal vera, og kor sprek du må vera. Samanlikna med ei rad andre motbakkeløp er Stoltzen eit pingleløp.
Men det er ikkje Stoltzen sin feil. Stoltzen ligg no der berre med sine trapper og sine stigningar. Det er bra ho blir utnytta, og eg unner arrangørane både blest og skryt og oppslutnad og pengar i kassen. Ingenting er finare for eit idrettslag enn å tena pengar på det som faktisk er idrettslaget si oppgåve: Å leggja til rette for aktivitet.
Stoltzekleiven er unik, original og i ei særstilling blant bakkeløp. Kan hende er det rett å kalla Stoltzekleiven for alle motbakkeløps mor i Noreg. Men Stoltzekleiven er altså ikkje den einaste kleiva, eller den brattaste, eller den mest ekstreme. Om du skulle ha fått inntrykk av det.
OG KANSKJE skulle vi bli flinkare til å bruka alle dei andre kleivane vi har rundt oss. Også Stoltzekleiven ville tena på det.
Kva tykkjer du om fokuset på Stoltzekleiven? Sei di meining.
Relaterte bilder

KOMMENTARER Våre regler